Eit aktivt kor!
 
 
Dale Mannskor syng i bystyresalen i Rådhuset i Haugesund 2009.

Foto: Ole Johnny Domben


Koret vart stifta 3.juni 1931 og skal såleis feira 80 år i 2011. Som namnet tilseier var medlemene den første tida frå tettstaden Dale. I dag kjem dei 31 medlemene frå ulike stader i Vaksdal kommune. Song og musikk har engasjert mange lokalt gjennom tidene, og Dale Mannskor har vore ein berebjelke i kulturlivet i kommunen heilt sidan oppstarten. Stor aktivitet og høg kvalitet har gjort dalekoret til ein viktig ambassadør for kor-songen langt ut over kommunegrensene
 
Dale Mannskor øver kvar onsdag i Dalehallen mellom kl. 18.00 - 20.00
Nye medlemer er hjarteleg velkomne.


       OM KORET
Dirigent
Historie
Medlemsliste